...

Meir tvil i Treholt-saka

Om pengebeviset var forfalska, fell heile domen.

Av Terje Marøy (major på 80-talet)

 

 
Frå tv2.no: HEVDER BEVIS BLE FABRIKKERT: Politiets eget spaningsbilde av Arne Treholt på Fornebu rett før han ble pågrepet i januar 1984. Her skal det ikke finnes taperester på kofferten.

 

 

Det var eit massehysteri frå arrestasjonen av Arne Treholt til han vart dømt til 20 års fengsel for spionverksemd. Alt den gongen var det mykje som skurra. Eg reiste fleire kritiske spørsmål, men vart refusert både av Aftenposten, VG og Dagbladet. Kan hende skreiv eg ikkje godt nok, men redaksjonane burde greie ut desse spørsmåla sjølve, noko dei ikkje gjorde.

Treholt vart og mediefisken, saka som sikra opplaga i fleire år for ei mengd medier.

 

Skandale

Om det no er rett at pengeprovet vart forfalska, er det kanhende den største rettsskandalen nokon gong. Då har eg ikkje gløymt fleire draps- og sexvaldsaker mot born. Dei var basert på dårleg etterforsking og dårlege vurderingar hjå politi, påtalemakt og domstolar.  Dårleg skjønn kan råka nokon kvar, og fylgjene kan vera totalt øydeleggjande for den som vurderingssvikten går ut over.

Koffertbileta handlar om noko heilt anna, forfalska prov. Politiet som skulle etterforska både skuld og uskuld, var overtydd om skuld, og konstruerte det fellande provet. Dette er straffbart, og det er i strid med den norske menneskerettslova og internasjonale menneskerettskonvensjonar vi har slutta oss til.

Om Treholt er skuldig eller ikkje, er underordna dei nye opplysningane. Om pengeprovet, som sto heilt sentralt i grunngjevinga for domen, er falsk, fell saka dau til jorda. Då er det Treholt som er offeret.

 

Toskete

Jau då, han var ein tosk som møtte KGB-folk privat. Enno større tosk om han overleverte gradert materiale om dette og hint. Skjedde det, var han skuldig i eit lovbrot. Men det vart aldri prova kva slag opplysningar KGB fekk. Var dei harmlause, eller skadelege? Derimot er det klart at han fekk tilgang til strengt hemmeleg informasjon også etter at spionmistanken var etablert hjå ansvarlege styremakter.

Mange på venstresida trudde meir på open dialog enn på løyndomar i lukka rom. Utan spionane på båe sider er eg overtydd om at vi hadde fått ein tredje verdskrig, langt meir øydeleggjande for menneskeslekta enn dei to førre. Mangel på tillit mellom dei tre store, Sovjet, Kina og USA skapte masseparanoia, som prega alle statars politikk. Slik var det både uklokt og uansvarleg av Treholt å halde seg med KGB-kontaktar, utan at det var klarert med styremaktene. Som assistent for Jens Evensen, var han mellom anna på innsida av delelineforhandlingane i Barentshavet. Som ein høgt akta medlem av dei indre sirklane, fekk han mykje informasjon om politisk brennbare saker ikkje berre i sitt eige departement.

Men toskete framferd og naivitet  kvalifiserer ikkje til 20 års fengsel.

 

Embetssvikt

Når eg alt for snart 30 år sidan miste trua på Treholt-prosessen, skuldast ikkje det fyrst og fremst tvil om kva Treholt hadde gjort. Derimot var det som ikkje blei gjort i embetsverket og det politiske miljøet eigna til å svekke trua mi på saka.

Treholt hadde vore overvåka i lang tid. I hans posisjon skulle minste mistanke om suspekt verksemd ført til fyrst alvorlege samtalar, dernest til omplassering eller oppseiing, før han fekk gjort meir skade.

Den store blemma, og som ligg tung i Treholt-domen, var at han fekk plass på Forsvarets høgskules ett-årige seminar for høgare offiserarog samfunnsleiarar. Her får elevane tilgang på informasjon som er gradert strengt hemmeleg og cosmic top secret. Her blir servert kjenslevar informasjon om både det norske forsvaret og løyndomar i NATO-samarbeidet.

I saka kom det fram at desse opplysningane hadde skadepotensial for milliardbeløp etter dåtidas pengeverdi, og verksemda hadde gjort uboteleg skade på tillit mellom Norge og dei allierte.

Det var difor ei tenesteforsøming hinsides noko anna kjend sak at han slapp inn på høgskulen medan han var mistenkt. Det ville vore den enklaste sak av verda å styre Treholt inn i anna arbeid utan at han ville få mistanke. Berre havrettsforhandlingane var tunge nok til at det kunne skipast eit eige kontor og ein eigen stab for han, der skadefaren blei eliminert, om dei ikkje hadde fellande prov.

 

Dei ansvarlege slapp unna

I staden gav dei han indrefileten i norsk og alliert militær verksemd, informasjon som ville gjort han til alle tiders spion under den kalde krigen.

Kor er granskinga av desse forsømingane, kven blei stilt til ansvar, kven fekk avskil i unåde av dei embetsmenn som var involvert i overvakinga, og som opna alle dører? Ikkje med eit pip har eg støytt på så mykje som eit lite rykte om dette, og media har aldri gravd i det.

Kan det vera at saka var så tynn, at ein ikkje ville granske desse sidene? Kan det hende at ei slik gransking ville tone ned Treholt-saka?

KGB-kameraten hans har heile tida sagt at kontakten var harmlaus. Men det tel ikkje tungt, sidan det og etter teppefallet har vore tradisjon for å trygge spionane.

 

VG ...

... har frå fyrste dag vore av dei mest uforsonlege medier i denne saka. Difor var det ikkje uventa at kommentatoren Olav Versto freista ei bortforklaring. Han hevdar no at fotoprovet ikkje var eit sentralt prov, derimot var vitnemålet til dei to politimennene det. Men dette heng i hop. Har dei forfalska fotoprovet, kan dei og vitne falsk. Truverdet deira smuldrar, utan at eg har grunnlag for å påstå at dei har gjort ei slik straffbar handling. Fotografiet er ein del av vitnemålet. Er det falsk, så er deler av vitnemålet falsk.

 

Rettsmanipulasjon

80-talet var ei mørk tid i norsk embetsverk, ikkje berre på den militære sida. Tildekking av informasjon og falsk informasjon, har vore nokså vanleg i fleire departement for å få dei løysingane som sakleg informasjon ville stå i vegen for. Det er velkjent at embetsverket i sivile saker gjerne tek lett på sanninga, ytttalerseg i strid mede vitneforsikringa, og beint fram lyg for å kvitvaske embetshandlingar i rettsvesenet. Regjeringsadvokatar har vore ihuga tenarar for embetsverkets villeidande rettsforhandlingar. Spranget er kan hende ikkje så stort for å gjera tilsvarande i straffesaker.

Ikkje minst ser ein dette innan oljeverksemda, der ein forfalska rapportar om dødsulykker og var involvert i grov korrupsjon for å misleie folk og politikarar. At denne kulturen og var til stades i dei hemmelege tenestene er velkjent, ikkje minst etter Lund-kommisjonens gransking ti år seinare.

Slik sett vil bevisjuks falle inn i ein tradisjon som norske styremakter framleis ikkje har tek eit oppgjer med, og den tradisjonen lever i beste velgåande den dag i dag. Til skade for dei  einskildmenneske som blir råka.

Om Treholt er skuldig? Det veit eg ingenting om. Problemet er at domstolane heller ikkje veit det.

 

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no