...

19 august 2011

Politifolk er menneske, menneske gjer feil

Alt kring terrorhandlinane 22. juli skal granskast. Men både bistandsadvokatar og pressa ser ut til å bli i overkant aggressive på ei tid der heilskapen manglar, og svara berre kan blir fragment.

Av Terje Marøy

  

Lat meg fyrst gå om lag 25 år attende i tid. Eg skulle melde ei sak og fekk møte ein politimann ved eit kammer på austlandet. Det vart eit heller uvanleg møte. Vi fekk fin kontakt, men i staden for å fokusere på den heller trivielle saka mi, byrja han sjølv å snakke.

Hans hovud var framleis innstilt på ei barnedrapssak som vart ferdig etterforska nokre månader tidlegare. Han snakka om fortvilinga og påkjenninga det var å jobbe med saka, om sorga til foreldra, og slikt ein politimann møter i tenesta. I dag ville eg sett teikn til at dette mennesket, politimannen, var i ferd med å falle frå kvarandre. Lekkasjen hans var i seg sjølv tenestefeil, og hadde inkje formål. Eg var ikkje i posisjon til å gjera noko med korkje han eller saka. Kanskje skulle eg varsla hans overordna som kunne fanga han opp tidleg nok. Eit kort stund etter kom samanbrotet. Mannen utførte ei valdshandling som for alltid skulle stenge han ute frå politiet.

Eg vonar at politiets system for å ta vare på sine eigne er betre i dag enn på 80-talet. For i dag er medietrykket, gapestokken, mykje verre enn for eit kvart århundre sidan.

  

Alle politifolk ...

... og bergingamannskap, formelle og uformelle, som var involvert i Utøya 22. juli og seinare, møtte eit sak som tærer på den mentale helsa. At nokon ikkje meistrer dette, er mindre overraskande enn om alle skulle kome umerka frå det dei såg og opplevde. Politifolk møter dessutan denne saka i stadig nye detaljar kvar einaste dag.

Det er inga unnskyldng for tenestefeil at politiet gjorde så godt dei kunne. Men at dei gjer så godt dei kan, er god nok grunn til at enkeltmenneske bak feila bør sleppe og få konsekvensane malt ut i dei tunge riksdekkjande media.

No har eg alt konkkudert sjølv i at det vart gjort feil, fleire feil. Sjølvsagt, for der ting utviklar seg brått og uventa, vil ikkje alle avgjerder vera like glupe. Men å individualisere dette i ei slik sak fører skam til skade, utan at noko godt kjem ut av det.

  

Fatalt

Denne saka var spesiell, fordi alt gjort eller ugjort frå politiet si side skulle få fatale konsekvensar. Drapsmannen drap om lag eitt menneske kvart minutt. Eit kvarter forseinking kan ha kosta 15 menneskeliv. Dette er utåleleg for dei etterlatne, som det er ei varig påkjenning for den tenestemann eller kvinne som i ein uklår situasjon tok den eine eller hi avgjerda. Han/ho sjølv må leve med kunnskapen, den kan vera hard i etterpåklokskapens grimme ljos.

Når ein enkel salmakerson som eg skjønar so pass, bør og mediehus og advokatar forstå like mykje.

Eg vil særleg nevne VGs framside den 17. august. Ei jente ringte heim etter eit klokkeslett då Anders Behring Breivik skal ha ytra ynskje om å overgi seg, og vart så drepen. Slike detaljar er salt i såret på dei sørgjande og politifolka involvert. Kor reell Behring Breiviks kontakt var veit ingen. Det ser ut til at han braut samtalen og heldt fram med drepinga utan ynskje om forhandlingar.

Slik ser det ut som varslinga hans var ei slags sjølforsikring, han visste at han kunne bli drepen når politiet kom. Eit varsel om overgjeving kunne sikra han sjølv, utan at han i mellomtida ville leggje ned våpna sine.

  

Uvæpna politi

Det normale er at ein terrorirst eller drapsmann vil truge når vegen ut er stengt. Forhandlingane har preg av gi og ta. Her var ein mann som ringte og drap samstundes, før politifolk var på plass.

Vi har eit politisk ynskje om uvæpna politi. Prisen for dette ynskjet er at politiet jevnt over er utrena på væpna aksjonar. I dag fins jamvel mange yngre politifolk som ikkje ein gong har militær fyrstegongsteneste. Då er det meir slump om dei i det heile kan handtere eit våpen skikkeleg. Nokre rundar på ei skytebane endrar ikkje mykje på dette.

Då er det og ei vanskeleg avgjerd for ein politimeister om ho skal sende folka sine inn i ein uklar væpna situasjon. Til dømes er rekognosering alltid eit grunnleggjande premiss i militære aksjonar. Sjølv er eg trent for å ta slike aksjonar på sparken, men eg er sterkt i tvil om eg i fredstid ville våge å sende kolleger ut på eit slikt oppdrag.

Kanskje ville eg og i hejnar stad venta på politiets innsatsstyrke, som er trent for slikt.

Der advokatar og media byrjar å male i svart og kvitt, er det reelle biletet grått. Inkje er klårt. Ein må huske at aktive politiaksjonar alltid blir sett inn etter eit brotsverk, eller når det er i gang. Det gir meir romsleg tid. Her hadde det heile bråhast, som i seg sjølv opnar for feil. Inkje system kan verne mot slikt, men eit godt system minskar konsekvensane av personfeil.

  

Difor er systemkritikk ...

... avgjerande for å lære av denne handlinga. Involverte miljø skal granskast. Personlege feil er og ofte ei fylgje av eit utilstrekkeleg system. Dette blir ei av oppgåvene til granskingskommisjonen. Jamvel granskingskommisjonen må haldast under oppsyn. Fleire av medlemmene står nær miljøa som skal granskast.

Då er ei mengd spørsmål interessante. Ulike maktmiljø gjekk tidleg ut og fortalte om einsame ulvar som fans under radaren, som ein ikkje kan verne seg mot. PST var alt for tidleg ute med sine utsegner, som gav inntrykk av ansvarsfråskriving.

1. Kan ein verkeleg ikkje avdekkje einskildpersonar som hevdar ekstreme meiningar i ekstreme miljø som oppmodar til vald, når dei dessutan utan sakleg grunn kjøper mogelege bombekomponentar på nett? Svaret for framtida kan bli at vi framleis ikkje ynskjer den overvåkinga som krevst. I såfall er dette eit sams ansvar for folket, og kan ikkje lastast det einskilde fagmiljø. Eller svaret kan vera fagkritikk av PSTs arbeidsmåte. I dag veit vi ikkje.

2. Det seiest at politiet var ubudd på ein slik aksjon. Det spørsmålet er verre. For slike aksjonar er det mange av rundt om i verda, då gjerne knytta til skulemiljø. I Finland har det vore to slike massakrar de siste åra. Skilnaden for Utøyas del er omanget og ei politisk målgruppe. Men drapsforma er velkjent, og politiet bør ha ein strategi for slikt. Om svaret er helikoperberedskap, meir væpna trening lokalt eller andre tiltak skal eg ikkje spekulere i.

3. Ein granskningskommisjon skal granske to heilt ulike terrorhandlingar. Difor vonar eg at dei ikkje vil lage lapskaus av rapporten. Sjølv skulle eg helst sett to kommisjonar, ein for kvar handling. Utøya er ei typisk politioppgåve og må granskast som det.

4. Vern av regjeringskvartalet når Norge er i krig er og ei forsvarsoppgåve. Vi har vore i noko nær samanhengande krig i fleire land, med korte opphald, dei siste 20 åra. Då er regjeringskvartalet eit av dei mest sannsynlege måla for legitime krigshandlingar. Kringvern, som i alle høve forbyr uautorisert lastebiltrafikk til statsministerens parkeringsplass, burde vera sjølvsagt. Avgjerda om dette burde vore tatt same dag som vi gjekke til krig. Eit slikt vern ville og sikre mot terroråtak. Eg vil at kommisjonen drøftar ansvarsfordelinga mellom forsvaret og politiet i Oslo. Dette ansvaret er og politisk, korleis kan ein tenkje på å handtere sikring i krig som ei vanleg byggesak? Eg fattar ikkje det.

Informasjon ...

... til etterlatne og det norske folket er påkrevd. Ein må vurdere nøye kva informasjon som skal sleppast no i akuttfasen, og kva som kan vente til heilskapen teiknar seg.

Å nærme seg individuell syndebukkfordøming gjer vondt verre, for alle. Difor oppmoder eg alle informasjonsaktørar, også meg sjølv, til å vera varsame.

Så får vi heller bruke storslegga om det syner seg alvorlege systemmanglar eller politisk dårskap. Det er ei tid for alt.

  

(Denne artikkelen blir diskutert i Dagsavisens nyemeninger.no)

***

  

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no